1) Kvifor hogg Tormod handa av Kimbe?
- Fordi dei var på kvart sitt lag, og Tormod ville ikkje svikte kongen.
2) Kva fortel denne teksten mo helteidealet i norrøn tid?
- At helten skulle vere sterk og tåle mykje, ikkje klage.
3) Kva får du vite i dette utdraget om skaldane si rolle?
- Han skulle fortelje kva som skjedde, eller han skulle synge om det som skjedde. Det verkar litt som om han eigentlig ikkje skulle vere med i slaget, men at han ble såret for det.
4) Forteljaren i sogene ser personane frå utsida. Peik på ord og uttrykk i teksten som får fram at Tormod har store smerter.
- I begynninga står det at Tormod vart ille såra i slaget, undervegs er det fleire som seier at han er bleik.
5) Finn døme på overdriving i teksten.
- På slutten då Tormod drog ut jarnet han hadde fått inne i sida si, og han drar med litt av hjartet sitt.
1) Kva er førsteinntrykket ditt av hovudpersonane i dette utdraget?
- Eg syns at både at Torstein og Jofrid virke som vanlige sagafolk. Det einaste er kanskje at Torstein ikkje bryr seg om drømmane sine.
2) ”Draumar er ingen ting å bry seg om” seier Torstein. Meiner han det?
- Eg trur han meinar det litt, men når han andre tyder draumen hans så trur eg at han blir litt nysgjerrig og at han trur litt på det.
3) I norrøn tid var slekta viktig. Korleis kjem det fram her?
- Det var viktig kven som var Helga si far og mor, og når Torstein får vite at det er han si dotter blir han glad sidan at ho er vakker. Det var status å få vakre barn.
4) Dette utdraget er frå starten av Soga om Gunnlaug Ormstunge. Korleis trur du det vil gå vidare?
- Eg veit ikkje, men det Torstein får vite at draumen hans betydde vil nok skje. Og historia vidare handlar kanskje meir om Helga og kva som skjer med ho.
5) Legg merke til korleis Torstein blir presentert i første avsnitt. Lag ein tilsvarande presentasjon av deg sjølv eller nokon du kjenner.
- Martha heitte ei jente, ho var dotter til Kjell Magne, son til Harald, som var ein mann frå Noreg. Signe Britt heitte mora til Martha. Ho var dotter til Alf Kristian. Martha budde på Eik i Tønsberg. Ho var ganske rik og hadde mange venner.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar